| Framsida | Turar | Turpostar | Barnas Turlag | DNT ung | Fjelltoppar i Sogndal | Om oss |
Velkomen til Sogndal turlag sine heimsider!Endring i programmet til Barnas turlagVi minner om at turane til Stedjeåsen og Flot har bytta plass i programmet. Det betyr at vi tek turen til Stedjeåsen søndag 2. juni, og ikkje til Flot. Det kjem også annonse i Sogn avis. Barnas turlag til Olavskjelda!Søndag 5. mai var Barnas turlag på tur til turposten ved Olavskjelda. Tilsaman 42 personar (20 barn og 22 vaksne) var med på turen. Mange spreke små som gjekk heile vegen! Det var mykje spennande å sjå, både av natur og historie. Jammen var det nysnø i stien fleire plassar også, så våren er sein i år. Foto: Liv Norunn Hamre
Turbo er med! Sjå fleire bilete under Les meir. Vårtur til Flot!Søndag 28. april var Barnas turlag på vårtur til turposten på Flot. Vi møttes på Barsnes i litt sur og kald vind, men når vi kom opp i skogen vart det fint. Heile 14 barn (+14 vaksne) var med på tur. Vel framme fekk alle skrive seg i boka, og turleiar Kjell Vidar Johansen fortalte litt om plassen. Flot er eit gamalt stølsområde, der det framleis står ei uteløe, og vi såg restar etter fleire tufter. Matpausen tok vi frampå kanten, med utsikt over Sogndal. Snøbygene gjekk i fjella rundt oss, men vi slapp nesten heilt unna nedbøren. Vi hadde ein flott tur!
Vel framme fekk alle skrive seg i boka! (Foto: Liv Norunn Hamre) Endring i programmet til Barnas turlag!På grunn av sein vår, vert den planlagte turen til Stedjeåsen søndag 28. april flytta til 2. juni. Søndag 28. april tek vi turen til Flot, som opprinneleg skulle gå 2. juni. Sjå også annonse i Sogn avis. Sykling med Barnas turlag på Kvåle tysdag 16. april!
På grunn av mykje is i vegen, vart Barnas turlag og Barneidretten sin planlagte sykkeltur til turposten i Saurane, erstatta med sykling på Kvåle. Barneidretten hadde lagt ut kjegler til å sykle mellom, og elles nytta vi dei fine uteområda på Kvåle, med alt frå flat asfalt til kupert turløype på grus. 26 unge og ivrige syklistar fann vegen til Kvåle i kveld! Sogndal turlag til Skjorta (1472 moh)
På toppen av Skjorta søndag 7. april
Vi var 9 personar, inkludert turleiarane Marino Ask og Tom Dybwad og kjentmann Joar Eide, i alt 4 karar og 5 kvinner og ein hund, som la i veg frå Helgheim i 9-tida om morgonen. 5-10 cm nysnø oppå eit hardt snølag bar bod om at skiføret ned kunne bli bra. Foto og tekst turleiar: Tom Dybwad Sykkeltur til turposten i StedjebergetTysdag 9. april starta Barnas turlag sykkelsesongen med sykkeltur til turposten i Stedjeberget. Heile 31 spreke born og 24 vaksne møtte opp for å bli med oss på sykkeltur. Vel ute ved turposten skein sola og gåsungane var utsprungne på selja, så vi fekk ein anelse om at våren er på veg! Maskotten vår Turbo takkar alle borna for ein fin sykkelkveld!
Turbo på sykkeltur!
BaseCamp Vinter - strålande ungdom i strålande sol!![]() Fart og moro på BaseCamp. Alle foto leirleiar Åse Steinsbø Støfring.
23.-26. mars arrangerte Sogn og Fjordane Turlag BaseCamp Vinter på Fivlehyttene i Luster. 8 ungdomar og leirleiar kosa seg fire dagar til ende oppe i snøriket i Luster. Hyttekos, topptur, minikurs skred og brattkjøring stod på programmet.
Mange takk til dugnadsgjengen frå Luster Turlag, som alltid stiller villig opp for oss og gjer BaseCampen vellukka. Asbjørnnosi, 1610 moh. - sol og kald djup laussnø!
Turfølgje på toppen av Asbjønnosi. Foto og tekst Marino J. Ask
Kalde 19 grader syner gradestokken når vi nærmar oss ”Gåpn”. Mars- morgonen er av det svært kalde slaget. Men sola varmar kjølte turgåarar i det vi kliv opp frå Leirdalen. Utsynet mot Hest og fjella rundt oss er mektig. Blant Josetedalen sine mange ”hangande” dalar er Leirdalen i særklasse. Motbakken vi har føre no byr på raskt stigande høgdemetrar. Eit vellagt spor frå tidlegare gjer det mest enno lettare. Sogndal Turlag - DNT ung på tur i vintereventyret!
Flott Kom deg ut dag i Hodlekve!Godt besøk og god stemning på Kom deg ut dagen i Hodlekve.
Barnas turlag samling 20. januar 2013
Trekking av premiar for 2012 og Programslepp for 2013
Les meir
Skitur til Fivla tidleg i november
Regn, mørkt og grått – typisk november kanskje? Ja, sett frå stoveglaset i Sogndal var det ganske dekkande for opplevinga. ”I dag møter ingen tenkte turleiaren, men, det stemmer jo ikkje. Her stiller tre spreke ungdommar og ein vaksen på Almenningen. Dermed dreg gruppa på 5 austover mot Vigdalen. Tradisjonen tru var det Vangsen som var annonsert skiturmål for Sogndal Turlag seinhaustes. Men med lite sikt over 1000 høge, kjem det betre høve til å vitje Vangsen. Alle foto: Marino J. Ask Surfetur til Stadt!
15.september var me fem stykkjer frå DNTung Sogndal som tok turen til Stadt for å surfe.
Etter ein fin biltur og ein rask lunsj starta me rett på kurset då me kom fram til idylliske Hoddevika. Foto: Marino J. Ask |
SøkTurar og aktivitetar
|